4,1 millionar kroner til betre mobildekning i Lom

Innlandet fylkeskommune har løyvd 4,1 millionar kroner til utbygging av mobildekning i området Runningsgrende–Neto–Vassenden i Lom kommune. Prosjektet er eitt av tolv mobilprosjekt som søkte om støtte i 2026, og det einaste som fekk innvilga midlar.

Viktig for innbyggjarar og beredskap

Betre mobildekning vil gjere kvardagen enklare og tryggare for dei som bur og ferdast i området. Mobildekning er viktig både for kommunikasjon, beredskap og tilgang til digitale tenester.

Området Runningsgrende–Neto–Vassenden har over tid hatt mangelfull mobildekning. Med støtte frå staten og Innlandet fylkeskommune ligg det no til rette for å byggje ut mobilnettet i området.

Mange søkte om støtte

Interessa for støtteordninga var stor. Til saman kom det inn 124 søknader om støtte til breiband- og mobilutbygging i Innlandet. Sidan dei tilgjengelege midlane var avgrensa, fekk berre ni breibandprosjekt og eitt mobilprosjekt støtte.

Prosjektet i Runningsgrende–Neto–Vassenden var det einaste mobilprosjektet som fekk tildeling i denne runden.

Kva skjer no?

Prosjektet skal etter planen lysast ut på anbod i løpet av oktober og november. Anbodet blir liggjande ute på Doffin i om lag tre månader.

Lom kommune kjem tilbake med meir informasjon når anbodet er gjennomført og vidare framdrift er avklart.

Fakta om prosjektet

  • Område: Runningsgrende–Neto–Vassenden
  • Støttebeløp: 4,1 millionar kroner
  • Formål: Betre mobildekning gjennom etablering av ny mobilmast
  • Prosjekteigar: Lom kommune
  • Status: Skal lysast ut på anbod i oktober/november 2026

Les meir om tildelinga på Innlandet fylkeskommune sine nettsider.