Tradisjonen tru kan du julaftan kl. 17:03 bli med på ei stemningsfull vandring landet rundt og høyre kyrkjeklokkene i bygd og by som ringjer jula inn, skriv NRK i ei pressemelding.
– For mange av lyttarane våre blir det ikkje ordentleg jul utan dette ganske så spesielle programmet, seier programleiar Inger Helga Skinlo og produsent Gudbjørn Bondhus. I år har radioprogrammet 80-årsjubileum. Og lyttarane vil framleis ha det.
24. desember 1945 ringde og kima NRK jula inn for fyrste gong. Den gongen hadde programmet tittelen «Det kimer nå til julefest» og vart leia av Leif Jensson. Seinare har tradisjonen vorte halden i hevd, sjølv om programmet har skifta namn til «Kim alle klokker».
Årets utgåve startar med eit lite tilbakeblikk på den første sendinga. Her er mellom anna klokkene i Nesseby kyrkje i Finnmark med – ei av få bygningar som ikkje vart brende ned under krigen.
Heile det første programmet frå 1945 var på 15 minutt, og kan høyrast i «Min julemusikk» på NRK P1+ kl. 18:03, rett etter årets utgåve av «Kim alle klokker».
Bli med på ein rundtur til 24 kyrkjer fordelte på alle landets fylke. Her får du høyre både ringing og kiming frå klokker som NRK har opptak av. Innimellom blir det spela vakker julemusikk. Vi avsluttar som vanleg med klokkene frå Fødselskyrkja i Betlehem.
I 2025 er desse kyrkjeklokkene med:
- Nidarosdomen i Trondheim, Trøndelag
- Nesseby kyrkje i Finnmark (med lyden av kiming frå 1945)
- Tromøy kyrkje, Arendal i Agder
- Lunde kyrkje, Telemark
- Stokke kyrkje i Vestfold
- Sarpsborg kyrkje i Østfold
- Kongsberg kyrkje i Buskerud
- Røyken kyrkje i Akershus
- St. Olav katolske domkyrkje, Oslo
- Gamle Aker kyrkje, Oslo
• Vallset kyrkje, Stange i Innlandet
• Rossabø kyrkje, Haugesund i Rogaland
• Fridalen kyrkje, Bergen i Vestland
• Fresvik kyrkje, Vik i Sogn (Vestland)
• Lom stavkyrkje, Innlandet
• Valderøy kyrkje, Giske i Møre og Romsdal
• Lensvik kyrkje, Orkland i Trøndelag
• Malm kyrkje, Steinkjer i Trøndelag
• Saltdal kyrkje, Rognan i Nordland
• Vågan kyrkje i Kabelvåg, Nordland (Lofotkatedralen)
• Bardu kyrkje i Troms
• Tromsø domkyrkje i Troms
• Øksfjord kyrkje, Loppa i Finnmark
• Fødselskyrkja i Betlehem
Kva er skilnaden på ringing og kiming?
Når klokkene ringjer, svingar klokkene fram og tilbake og blir trefte av kolven kvar gong dei snur. Når klokkene kimer, heng klokka stille, medan kolven slår i raskt tempo mot klokka. Dette gir ein meir intens lyd. Kiming blir brukt for å innleie høgtider, og i eldre tider òg for å varsle fare.
I dag er det vanleg at klokkene kimer kl. 17–18 på julaftan, påskeaftan og pinseaftan.