Avlesing av vassmålar

Tysdag 2. desember vil alle som skal lese av vassmålarstand få ein SMS. 

For å sende inn avlesinga skriv du inn TALET på vassmålarstand som svar på SMS-en. Du skal ikkje skrive noko tekst. 

Alle som har ein vassmålar som ikkje er digital eller som ikkje blir fjernavlese får SMS. 

Har du spørsmål? 

Ring kommunen på telefon 61 21 73 00 eller send ein e-post til post@lom.kommune.no.

NB: Sentralbordet stengjer kl. 13:00 måndag 1. desember. Ope til normal tid frå tysdag (10:00-14:00). 

Kva er vassmålarstand?

Vassmålarstanden er talet som blir vist på vassmålaren din, og som viser det samla vassforbruket målt i kubikkmeter (m3) sidan målaren blei installert. Denne avlesinga blir sendt inn til kommunen éin gong i året for å berekne kor mykje du skal betale for vatn og avlaup for året, og for å leggje grunnlaget for forskotsbetalinga for neste år.