AvløysarkursHar du lyst til å lære meir om stell av storfe, sau og gris og det å jobbe som avløysar? Lom og Skjåk landbrukskontor inviterar til avløysarkurs.Teori og praksis:Det vil bli både teori og praksis på gard i temaene:Mjølking og mjølkekvalitetForing og stell av mjølkeku, ammeku, kalv, geit, sau og grisKva ser du etter som avløysar i eit fjøs; brunst, sjukdomsteikn etc v/veterinærGjennomgang av stell mjølkeku i robotfjøs ved gardbrukarI tillegg skal alle gjennomføre minst 5 økter med fjøsstell på ein gard med manuell mjølking. Du kan ordne praksisgard sjølv (ikkje eigen heimgard), eller vi finn ein for deg. Det må vere ein gard med manuell mjølking på bås eller i mjølkegrav, og praksisgarden må godkjennast av oss. Om det er praktisk mogleg kan gjerne ei praksisøkt vere i forkant av teoriøktene. Lom og Skjåk Landbrukskontor Kurset går over to kveldar i veka i veke 2 og 3Praksis i veke 4 og 5Avslutning med pizzakveld og utdeling av kursbevis i veke 6Endeleg program vil bli sendt etter påmelding. Du får arbeidsklede og sko. PåmeldingOppgje ved påmelding:NamnAdresseFødselsdatoTelefonnummerSkostorleikStorleik på arbeidsklede (S-M-L)Om du sjølv ordnar praksisgard (og isafall kven), eller om du treng at vi ordnar med det.Påmeldingsfrist 10. desember. Max antal 16 stk, fyrstemann til mølla.Meld deg på ved å sende epost til Lom og Skjåk Landbrukskontor v/Ragnhild Løkken. E-post Ragnhild.Lokken@skjaak.kommune.no Kurset passar både for deg som er heilt ny og deg som har litt erfaring. Aldersgrense 15 år (f.o.m 9. klasse). Kurset vil gå på norsk, og er gratis.Avløysarkurs er arrangert av Ottadalen Avløysarlag, Skjåk Avløysarlag og Lom og Skjåk landbrukskontor Sist endret 25.11.2026 11:38