Barnehageopptak 2026/2027 – dette må du vite

Lom kommune har eit årleg hovudopptak til barnehageplass, med søknadsfrist 15. februar.

Med bakgrunn i kommunestyrevedtak PS 2025/86 – Prinsippsak opptak i barnehage, vil vi presisere nokre viktige punkt for søknad om barnehageplass for barnehageåret 2026/2027.

Vedtaket seier:

  • Lom kommune skal ha eitt hovudopptak med søknadsfrist 15. februar.
  • Elles blir det gjort løpande opptak dersom det er ledig kapasitet. 

Dette betyr at om du søkjer om plass utanom hovudopptaket, er du ikkje garantert plass med mindre det er ledig kapasitet.

Viktige presiseringar:

Du må søkje frå månaden barnet har rett til plass

Rett til barnehageplass blir vurdert slik:

  • Barn fødd januar–juli: Rett til plass frå august det året dei fyller eitt år.
  • Barn fødd august–november: Rett til plass frå den månaden dei fyller eitt år.
  • Barn fødd desember: Rett til plass frå august året etter (når barnet er ca. 1 år og 8 månadar). Det er venta ei lovendring som vil gi desse barna rett til plass allereie i desember når dei fyller eitt år.

Hovudopptak 

Hovudopptaket gjeld oppstart i august eller den månaden barnet har rett til plass. Dersom du ynskjer oppstart seinare enn dette, må du likevel søkje (og betale) frå månaden barnet har rett til plass dersom du vil vere sikra plass.

Les meir og søk barnehageplass