Kiwi Lom held til i Stupulvegen 9, saman med fleire andre handelsverksemder i Gjeisarøya. Butikken flytta hit i 2018, då REMA 1000 avvikla drifta si i Lom. I dag er dette ein av tre daglegvarebutikkar i kommunen, med tilbod som post i butikk, tipping og Rikstoto. Om sommaren er det høg aktivitet, og så langt har sesongen vore god, om lag på nivå med fjoråret. I turistsesongen har dei dessutan sundagsope, noko som kjem både fastbuande og tilreisande til gode.
Bak drifta står Arnt Rune, som har arbeidd i daglegvarebransjen i over 30 år. Då vi var innom, fekk vi også treffe dottera Linda bak kassa. Ho er ein av mange ungdom som jobbar i butikken. For fleire blir dette det første møtet med arbeidslivet, med ansvar, kundekontakt og samarbeid. Samstundes er rekruttering ei utfordring også innan varehandelen, og kampen om arbeidskrafta er noko Kiwi kjenner godt på.
Arnt Rune er oppteken av at daglegvarebutikkar har ei langt viktigare rolle enn mange tenkjer over. Ved kriser eller uventa hendingar er butikkane ein del av samfunnet si grunnberedskap. Difor meiner han det er viktig at styresmakter og lokale aktørar legg til rette for løysingar som gjer at butikkane kan halde fram drifta også ved eventuelle straumbrot.
Engasjementet for lokalsamfunnet stoppar heller ikkje ved butikkdøra. Arnt Rune brenn for den vidaregåande skulen i Lom og er stolt over alt som er oppnådd gjennom arbeidet for å sikre eit godt skuletilbod lokalt. Han er òg med i styret i Visit Jotunheimen og har tidlegare vore aktiv i Landsbyrådet gjennom mange år.
At han også er fotballentusiast, er det ingen tvil om. Kiwi er hovudsponsor for fotball-VM i 2026, og denne sommaren har dei tilsette fått eigne drakter som dei blir oppmoda til å bruke på jobb. Det set sitt preg på arbeidsmiljøet – og vitnar om ein arbeidsplass med både lagånd og engasjement. 

Når praten kjem inn på næringslivet elles, har Arnt Rune ei klar oppmoding: fleire møteplassar. Han heiar på frukostmøte og andre arenaer der næringslivet kan møtast, utveksle erfaringar og bli betre kjende med kvarandre.
Med 22 tilsette og ei omsetning på om lag 56 millionar kroner i 2025 er Kiwi Lom både ein viktig arbeidsplass og ein sentral del av kvardagen i bygda. Men kanskje vel så viktig er engasjementet for lokalsamfunnet og folka som bur her
.
I artikkelserien «Møt næringslivet i Lom» viser vi fram dei flotte bedriftene våre – og folka bak. Ta gjerne kontakt med næringssjefen dersom du vil at vi skal stikke innom di bedrift – vi kjem gjerne!