I Liavegen i Lom finn vi kontoret til Norsk Landbruksrådgiving Ottadalen, som er ein del av den landsdekkande samvirkeorganisasjonen Norsk Landbruksrådgiving SA. Organisasjonen tilbyr fagleg rådgiving til landbruket over heile landet, med kompetanse innan mellom anna grovfôr, klima, økonomi, HMS, drenering og ei rekkje andre fagområde.
Vi stakk innom ein dag og fekk prate med Kjersti, som jobbar her.
Ho er ikkje berre rådgivar, men også gardbrukar sjølv. Det gjer at ho kjenner mange av problemstillingane frå begge sider av bordet.
Kontoret i Lom er ikkje stort i tal på tilsette, men oppgåvene er mange. Her arbeider to til tre personar fast, i tillegg til ein medarbeidar på Lesja. Sjølv om kontoret ligg i Lom, er arbeidsplassen ofte ute hos medlemene. Store delar av våren, sommaren og hausten går med til synfaringar, markvandringar og rådgiving ute på gardane.
Norsk Landbruksrådgiving er ei medlemsorganisasjon for gardbrukarar, og mykje av arbeidet handlar om å hjelpe bøndene med både praktiske og lovpålagde oppgåver. Gjødselplanar, HMS-arbeid og klimarekneskap er døme på område der mange har behov for fagleg rettleiing. Samstundes fungerer rådgivarane som eit viktig bindeledd mellom forsking og praktisk landbruk. Kontoret har også eit tett samarbeid med landbrukskontoret, noko som bidreg til gode tenester for næringa i regionen.
Arbeidet til rådgivarane blir kanskje ikkje alltid så synleg for folk flest, men det har stor betydning for landbruket i Ottadalen. Bak kvar gjødselplan, kvart forsøksfelt og kvart fagmøte ligg eit mål om å hjelpe gardbrukarane med å ta gode val og skape eit berekraftig og lønsamt landbruk. 
I artikkelserien «Møt næringslivet i Lom» viser vi fram dei flotte bedriftene våre – og folka bak. Ta gjerne kontakt med næringssjefen dersom du vil at vi skal stikke innom di bedrift. Vi kjem gjerne! 