Bli med på Pårørandekonferansen i Utgard!

Årets tema er «Når ansvar møter motstand», og handlar om pårørande og fagfolk i eit velferdssystem som er under press. 

Kva betyr det å vere pårørande – og korleis kan vi bli betre til å møte dei som står nær? Dette er blant spørsmåla som blir tekne opp under Pårørandekonferansen 2026.

Onsdag 23. september kan du få med deg konferansen digitalt frå Utgard i Lom. 

Programmet byr på ei spennande blanding av personlege erfaringar, fag, forskning og politikk.

Mange spennande innleiarar

Else Kåss Furuseth er ein av programleiarane og deler også eigne erfaringar med pårøranderolla. Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre opnar konferansen, medan filosof og forskar Henrik Syse skal snakke om å sjå ting frå eit anna perspektiv.

Du får også møte mellom andre Ine Eriksen Søreide, som deler erfaringar som pårørande, og Inger Lise Hope, kjend som vinnaren av The Voice Norge i 2024.

Programmet tek opp tema som barn som pårørande, pårørande i arbeidslivet, psykisk helse, rus og korleis helse- og omsorgstenestene kan bli betre til å lytte til og samarbeide med pårørande.

Open for alle

Du treng ikkje vere fagperson – eller sjølv definere deg som pårørande – for å ha utbytte av konferansen. Dei fleste av oss vil på eit tidspunkt stå nær nokon som treng ekstra hjelp eller støtte.

Velkomen til ein dag med kunnskap, erfaringar og nye perspektiv!

Utgard, Lom
Onsdag 23. september 2026
Kl. 10.00–14.30

Sjå heile programmet Påmelding Les om arrangementet på Friskus