Brann i reinseanlegg i industriområdet

Det har oppstått brann i reinseanlegget i industriområdet i Lom. Brannen medfører ikkje fare for liv og helse.

Status 29. januar, kl. 14:30 

Etter møte i kommunal kriseleiing i dag er status i hovudsak uendra.

Vassrestriksjonane for innbyggjarar i Fossbergom-området står framleis ved lag. Dette gjeld avgrensing av vassforbruk for å redusere utslepp til avlaupsanlegget. Drikkevatnet er ikkje påverka av hendinga.

Lom kommune held fram arbeidet med å etablere ei mellombels løysing for reinsing av avlaupsvatn. Kriseleiinga følgjer situasjonen tett.

Kommunen kjem attende med meir informasjon innan onsdag i neste veke, eller tidlegare dersom det skjer endringar.

Det er fleire som nå står på i krevjande forhold for å løyse utfordringane ved reinseanlegget. 

Kommunal kriseleiing ynskjer å rette ein stor takk til dykk for innsatsen de legg ned.

Status 28. januar, kl. 08:00

Etter møte i kommunal kriseleiing i dag er status uendra. Den informasjonen som vart lagt ut i går gjeld framleis.

Lom kommune held fram arbeidet med å etablere ei mellombels løysing for reinsing av avlaupsvatn, og kriseleiinga følgjer situasjonen tett. Det blir jobba så raskt og effektivt som mogleg på staden. 

Innbyggjarar i Fossbergom-området er framleis oppmoda om å avgrense vassforbruket sitt for å redusere utslepp til avlaupsanlegget. Drikkevatnet er ikkje påverka av hendinga. 

Kommunen kjem attende med ny informasjon dersom situasjonen endrar seg.

Status 27. januar, kl. 09:00

Lom kommune held fram arbeidet med å etablere ei mellombels løysing for reinsing av avlaupsvatn. 

Alle innbyggjarar i Fossbergom-området er framleis oppmoda om å avgrense vassforbruket sitt, det vil seie ikkje bruke meir vatn enn nødvendig. Dette for å redusere utslepp til avlaupsanlegget. 

Drikkevatnet er ikkje påverka av hendinga. 

Kommunal kriseleiing ynskjer å rette ein stor takk til brannmannskapa i Skjåk, Lom og Vågå for rask og god innsats. 

Status 26. januar, kl. 14:00 

Lom kommune har nå oversikt og kontroll over situasjonen ved reinseanlegget.  

Det blir arbeidd med å etablere ei mellombels løysing for reinsing av avlaupsvatn.  

Alle i Fossbergom-området er framleis oppmoda om å avgrense vassforbruket sitt - altså ikkje bruke meir vatn enn nødvendig. Dette for å avgrense utslepp til avlaupsanlegget.  

Kommunale tenester og anna næringsverksemd kan ha normal drift inntil vidare.  

Neste møte i kommunal kriseleiing er tysdag 27. januar, kl. 09:00. 

Status 26. januar, kl. 10:00

Alle i Fossbergom-området er framleis oppmoda om å avgrense vassforbruket sitt - altså ikkje bruke meir vatn enn nødvendig. Grunnen til dette er å avgrense utslepp til avløpsanlegget.

Kommunen jobbar med å få oversikt over situasjonen

Per nå er det avgrensa tilgang til anlegget, dette er grunnen til at arbeidet med å få oversikt tek noko tid.

Lom kommune kjem attende med meir informasjon så snart situasjonen tillet det. Det er nytt møte i kommunal kriseleiing kl. 14:00.  

Status 26. januar, kl. 08:00

Lom kommune jobbar framleis med å få oversikt over situasjonen.

Kommunen kjem attende med meir informasjon etter nytt møte i kommunal kriseleiing kl. 10:00.

Innbyggjarar i Fossbergom-området er framleis bedne om å avgrense vassforbruket sitt.

Status 26. januar, kl. 06:45

Lom kommune jobbar med å kartlegge situasjonen og følgjene av hendinga. Inntil vidare ber vi innbyggjarar i Fossbergom-området om å avgrense vassforbruket sitt.

Kommunen kjem attende med meir informasjon så snart dette er tilgjengeleg.

Oppdatert informasjon vil bli lagt ut fortløpande på kommunen si nettside.