Brimi Fjellstugu – Høyring av varsel om oppstart av detaljregulering.

Nordplan AS varslar på vegne av Brimi Fjellstugu at det blir set i gang arbeid med detaljregulering av areal ved fjellstugu og nærliggande areal, jf. vedlagte varsel om oppstart av planarbeid.

Brimi Fjellstugu ligg på festetomt (fnr. 28) i Vårdalen statsallmenning (gbnr. 157/1).

Føremålet med detaljreguleringsplanen vil vere å leggje til rette for vidare utvikling av Brimi Fjellstugu som reiselivsverksemd, tilpassa noverande og framtidig drift. Planområdet har ein storleik på om lag 41,5 daa. 
Planområdet er ikkje tidlegare omfatta av reguleringsplan. Detaljreguleringsplanen skal gje grunnlag for nye bygningstiltak, utvikling av utomhusareal og etablering av løysingar for parkering, varelevering og intern trafikkavvikling.

I kommuneplanen sin arealdel for Lom 2022–2030, ligg areala i planområdet i hovudsak som fritids- og turistformål, dvs. areal som er avsett for kommersiell reiselivsverksemd, overnatting og friluftsanlegg. Fjellstugu ønskjer gjennom reguleringa også å kunne få ta i bruk noko areal som i kommuneplanen er avsett for landbruk og friluftsliv (LNFR). Arealet ligg inntil fjellstugu i nord, og ein har ønskje om  å nytte dette arealet for tilkomst for varelevering og for parkering.

Oppstartsmøte vart halde med Lom kommune den 29.06.2026. Referat frå møtet ligg vedlagt. På bakgrunn av avklaringar i oppstartsmøtet, er det vurdert at planarbeidet ikkje utløyser krav om planprogram og konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova §§ 4-1 og 4-2 .

Nordplan As har på vegne av tiltakshavar utarbeidd eit planinitiativ som er vedlagt. Av planinitiativet går det fram at planarbeidet er i ein tidleg fase, og at det er ikkje utarbeidd planforslag eller detaljerte teikningar. I planinitiativet er det vist ei førebels skisse som viser lokalisering av moglege tiltak innanfor planområdet. Nordplan AS påpeikar at dei illustrerte tiltaka føreset nærare avklaringar gjennom den vidare planprosessen. Illustrasjonsskissa er vist under.

Førebels illustrasjonsskisse som viser mogelege tiltak. Stipla line viser avgrensing av planområdet. Kjelde: Nordplan AS - Klikk for stort bildeFørebels illustrasjonsskisse som viser mogelege tiltak. Stipla line viser avgrensing av planområdet. Kjelde: Nordplan AS Nordplan AS

Gjennom høyringa av varsel om planoppstart får berørte partar, offentlege høyringsinstansar og allmenta høve til å kome med merknader og innspel til planarbeidet. Den som har merknadar og innspel til planarbeidet, skal da sende desse til Nordplan AS. Hjå dei vil alle innkomne merknader vil bli registrerte og inngå som grunnlag for planarbeidet. Etter at varslingsperioden er avslutta, vil Nordplan AS utarbeida eit komplett planforslag som vil omfatte planomtale, risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse), eventuelle faglege utgreiingar, reguleringsføresegner, plankart og illustrasjonar som viser mogleg framtidig utvikling av planområdet. 

Det private planforslaget som Nordplan AS utarbeider for tiltakshavar, vert så sendt til Lom kommune for vidare administrativ og politisk handsaming. Det vil da vere kommunen som eventuelt vil gjere vedtak om å legge planforslaget fram for seinare offentleg ettersyn og høyring. Endeleg vedtak av detaljreguleringsplanen vil evt. skje i kommunestyret.

Innspel og merknader

Har du innspel og merknadar til oppstartsvarselet kan du sende desse til Nordplan AS: 
•    Per e-post til: lk@nordplan.no 
•    I brev til: Nordplan AS, Rosenholmveien 25, 1414 Trollåsen.
Frist for å kome med innspel er sett til 11.09.2026.

Dokument

Varslingsbrev (PDF, 902 kB)

Planinitiativ (PDF, 5 MB)

Vurdering av KU-plikt (PDF, 111 kB)

Protokoll frå oppstartsmøte (PDF, 723 kB)