Demensprisen 2027 og Folkehelseprisen 2027: No kan du nominere kandidatar

Kjenner du nokon som gjer ein ekstra innsats for andre? Ein person, ei gruppe eller eit tiltak som skaper livskvalitet, fellesskap og tryggleik i kvardagen? No kan du vere med og løfte fram gode krefter ved å nominere kandidatar til Demensprisen 2027 og Folkehelseprisen 2027 i Innlandet.

Prisane blir delte ut av Nasjonalforeningen for folkehelsen og skal heidre personar, grupper og verksemder som gjer ein innsats utanom det vanlege for andre menneske.

Demensprisen 2027

Demensprisen er ei påskjønning til ein «kvardagshelt» som gjer ein særleg innsats for menneske med demens og deira pårørande. Kandidaten kan vere ein enkeltperson, ei gruppe eller ei verksemd, til dømes ein institusjon, eit dagsenter eller ei avdeling.

Prisen skal løfte fram dei som viser nytenking, engasjement og respektfull inkludering, og som bidreg til betre kvardagar for menneske med demens. Det kan vere frivillige som arbeider stille i kulissane, eller fagmiljø som har utvikla gode og inkluderande tilbod.

Folkehelseprisen 2027

Folkehelseprisen er ein honnør til personar eller grupper som har gjort ein ekstra innsats for folkehelsa i lokalsamfunnet. Prisen kan gå til både frivillige, offentlege og private aktørar.

Kandidatar kan vere nokon som:

  • bidreg til sosial støtte, aktivitet og fellesskap som skaper trivsel og livskvalitet
  • styrkjer nærmiljøet
  • fremjar inkludering og motverkar utanforskap
  • skaper møteplassar og aktivitetar på tvers av generasjonar
  • har hatt stor betydning for folkehelsa og dei sosiale forholda i nærmiljøet

Send inn ditt forslag

Har du ein kandidat du meiner fortener merksemd og anerkjenning? Då ønskjer Nasjonalforeningen for folkehelsen å høyre frå deg.

Frist for å nominere kandidatar er 31. januar 2027.

Forslag må sendast inn på eige nominasjonsskjema:

Skjema for Demensprisen 2027 (PDF, 202 kB)

Skjema for folkehelseprisen 2027 (PDF, 181 kB)

Forslag med grunngjeving blir sendt til:

Nasjonalforeningen for folkehelsen, fylkeskontoret Innlandet

Engomsvingen 14, 2309 Hamar innlandet@nasjonalforeningen.no

Kanskje finst den neste prisvinnaren i ditt lokalmiljø? Ta deg tid til å nominere nokon som fortener ei påskjønning for innsatsen sin. Små og store bidrag kan bety mykje for mange.