Fellesskap og framtidstru - nå er Jotunheimen privatistskule opna!

I dag vart Jotunheimen privatistskule offisielt opna – ein dag prega av både feiring, håp og alvor.

Folkemengde framfor inngangen til Utgard, under opninga av Jotunheimen VGS - Klikk for stort bildeÅpning av Jotunheimen VGS Marit Rolstad

Etter at fylkestinget i Innlandet vedtok å leggje ned den offentlege vidaregåande skulen i Lom frå hausten 2025, har lokalt engasjement og samarbeid gjort det mogleg å reise eit nytt skuletilbod.

Lokal mobilisering

Gjennom styringsgruppa og Tverrfagleg arbeidsgruppe for framtidsskulen i Innlandet (TAFI) er det lagt ned eit omfattande arbeid for å etablere ein privat vidaregåande skule med rett til statstilskot. 

Kommunane Lom, Skjåk og Vågå har løyvd midlar for å bidra til drifta i ein mellomperiode på inntil tre år, og næringslivet har stilt sterkt opp. Til saman er svimlande 60 millionar kroner samla inn – noko programleiar for opningsdagen Mari Arnøygard Wedum kalla «ikkje eit lotteri, men rein magi».

Glede og stoltheit

Opninga av Jotunheimen privatistskule er ikkje berre starten på ein ny skule – det er også eit symbol på lokalt engasjement og samhald. Opninga vart markert med korpsmusikk, talar, folkemusikk og paneldebatt.

Under paneldebatten med rektor, lokale ordførarar og næringslivsrepresentantar vart det understreka kor avgjerande det er å ha eit vidaregåande skuletilbod i regionen – både for næringslivet, busetjinga og samfunnstryggleiken.

Stemninga i salen bar preg av ekte glede og stoltheit. Kvar tale blei møtt med rungande applaus, og fleire gongar braut publikum ut i spontan jubel. Fyrsteårselev Tilde Kveum Bergheim fekk ståande applaus da ho tala om distrikta sitt pågangsmot, og mange hadde tårer i augo då engasjementet frå lokalsamfunnet blei løfta fram. Det var tydeleg at denne dagen ikkje berre var ei opning av ein skule, men ei feiring av eit heilt lokalsamfunn som står samla.

Det er framleis ein veg å gå før skulen får status som privat vidaregåande med statstilskot, men for elevane som møtte opp i klasseromma i dag, er det nok ingen tvil: dei er del av noko større.

Lom kommune gratulerer med opninga og ynskjer elevar, lærarar og føresette alt godt for tida som kjem.