Flyktningtenesta treng bustader
Lom kommune skal busetje inntil 18 flyktningar i 2026 og treng fleire bustader.
Flyktningtenesta vil gjerne høyre frå deg som sit på ei utleieeining.
Litt om bustadene
- Alle storleikar er interessante.
- Bustaden kan vere fullt møblert, delvis møblert eller umøblert.
- Det aller best eer om bustaden er i gangavstand til sentrum, da mange manglar sertifikat og bil.
Flyktningtenesta ser fram til å høyre frå deg!
Sist endret 08.05.2026 14.26