Gjendebu har vorte sertifisert som Miljøfyrtårn - gratulerer!

Miljøfyrtårn er Noregs mest brukte miljøsertifisering for verksemder.

For ei bedrift betyr det å vere eit Miljøfyrtårn at de har eit synleg bevis på at de tek samfunnsansvar og arbeider systematisk med det grøne skiftet.

Lom kommune v/ næringssjef og ordførar og Visit Jotunheimen v/ dagleg leiar var innom hjå Øystein for å gratulere.

Andre miljøsertifisere bedrifter i Lom er:

  • BrimiBue 
  • Fossheim 
  • Visit Jotunheimen
  • Skansaar og Sønn
  • Sport1
  • Bygger’n
  • Glitterheim turisthytte
  • Røisheim
  • Opplæringskontoret Brimi-Kjøken
  • Vinmonopolet Lom (samtlege Miljøfyrtårn)
  • Vaskeriet i Lom og Norconsult er ISO-sertifisert

Visste du at det er mogleg å søkje tilskot frå næringsfondet dersom du skal i gong med ein sertifiseringsprosess?

Gå til næringsfondet