H.M. Kong Harald V 1937-2026

Det er med sorg vi har teke imot bodskapen om at Hans Majestet Kongen har gått bort. Kongen har gjennom fleire tiår vore eit samlande symbol for landet vårt, og mange ynskjer å markere og vise si deltaking i sorga.

Kommunen flaggar på halv stong ved alle kommunale flaggstenger i sørgjeperioden.

Kondolanseprotokoll og blomenedlegging

Frå måndag 31. august blir det lagt ut kondolanseprotokoll i servicetorget på Midtgard.
Opningstid: Kl. 08.00–18.00 (kvar dag frå måndag 31. august og ut sørgjeperioden).

Innbyggjarar som ynskjer det, kan skrive ei helsing i protokollen. Det vil òg vere mogleg å legge att kort, helsingar og andre minneord. Desse blir samla inn og sende saman med kondolanseprotokollen. 

For den som ynskjer å legge ned blomar kan ein gjere det på Tor Jonssons plass ved Midtgard.

Vi ber om at ein ikkje tender levande ljos. 

Open kyrkje

Kyrkjene i kommunen vil vere opne kvar dag for dei som ynskjer ei stille stund, lystenning, bøn eller refleksjon. Det blir også lagt til rette for blomenedlegging og kondolanseprotokoll også her. Nærare informasjon finn du på Facebook-sida til Kyrkjene i Lom.

Praktisk informasjon

Sjølv om historia endrar seg, må kvardagslivet gå vidare. Offentlege tenester i kommunen held fram som normalt.

Kultur-, idretts- og andre arrangement kan gjennomførast som planlagt. Samstundes oppmodar vi alle om å vise respekt og verdigheit i sørgjeperioden. Arrangørar står fritt til å vurdere om arrangement skal endrast, utsetjast eller avlysast.

Sorg er personleg, og menneske markerer tap på ulike måtar. Det er ingen forventning om at innbyggjarar, lag, organisasjonar eller verksemder skal opptre eller kle seg på ein bestemt måte. Kvar og ein må finne si eiga form for deltaking og markering. 

Ta vare på kvarandre.