Hageavfall skal ikkje i naturen

Å leggje hageavfall i naturen blir rekna som forsøpling og er ulovleg. Dette gjeld både når avfallet blir lagt på bakken, og når det blir kasta i vatn, elvar eller bekkar. Sjå forurensingsloven 

Hageavfall kan innehalde uønskte eller framande artar som kan spreie seg og gjere skade i naturen. Når hageavfall blir kasta i vatn og vassdrag, kan det dessutan auke risikoen for skadar ved kraftig regn og flaum, fordi det kan tette rister og hindre fri vassføring. I tillegg verkar hageavfall i naturen skjemmande og øydelegg for friluftsopplevinga.

Slik gjer du det riktig:

  • Hageavfall skal leverast på miljøstasjonen – det er gratis.
  • Du kan kompostere hageavfall heime, så lenge det ikkje inneheld framande artar som er ulovlege å spreie. Slike artar skal alltid leverast på miljøstasjonen.
  • I enkelte avgrensa område i Lom er det ikkje lov å brenne hageavfall.

Sjå Forskrift om open brenning og brenning av avfall i småomnar