Høyring: Forskrift om termiske siktemiddel ved hjortejaktForslag til forskrift som opnar for bruk av termiske siktemiddel ved hjortejakt i Lom kommune blir no sendt på høyring. Kommunen inviterer aktuelle partar til å kome med innspel til forslaget.Viltutvalet i Lom kommune har 19.08.2026 gjort vedtak om å legge forslag til ny felles forskrift for opning av jakt, fastsetting av minsteareal, fastsetting av fellingsavgifter og opning for bruk av termiske og restlysforsterkande siktemiddel ved jakt på hjort i Lom kommune ut på høyring.Det er ikkje gjort endringar i gjeldande forskrift når det gjeld opning for jakt, minsteareal eller fellingsavgifter, men det er teke inn to nye paragrafar om bruk av siktemiddel under hjortejakt (§§ 6 og 7).Saksprotokoll frå behandlinga i viltutvalet med forslag til ny forskrift er vedlagt her.Saksprotokoll (PDF, 262 kB)Kommunale målsettingar for hjorteviltbestandane i Lom 2024 - 2026 (PDF, 188 kB)Felte hjort og gjennomsnittleg slaktevekt 2010-2025 (PDF, 212 kB)Har du merknader eller ein uttale?Frist for å sende inn:30.09.2026Merkander eller uttalar sendast til:post@lom.kommune.noLom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom Sist endret 20.08.2026 10.23