Hurra for Lom tamreinlag, 100 år!

For ei stund attende fylte Lom tamreinlag 100 år, og Lom kommune var så heldig at vi fekk bli med på feiringa. 

Det kom svært mange folk på ope dag på Norsk fjellsenter, der det var fullt program for både store og små for å feire Lom tamreinlag 100 år. Lom kommune v/ næringssjef deltok og fekk også anledning til å si nokre ord om bedrifta, som er unik på så mange ulike måter. 

Visste du t.d. at tamreinlaget er den største kjøttprodusenten i bygda? Og at selskapet er 100% eigd av folk frå Lom? 
I teksten under kan du lære meir om tamreinlaget og sjå nokre bilder frå feiringa i Lom. Gratulerer så mykje!

Visste du dette om Lom tamreinlag? 

  • Solid drift og investeringar: normalt omsetning rundt 8 mill. kr årleg; hausten 2026 opna laget nytt, vinterisolert slakteri på Grønhø til ca. 7 mill. kr for lokal og betre slakting.
  • Levande dugnadskultur: kring 100 personar deltek i slaktinga kvart år – eit generasjonsmøte og ei ekte bygdedugnad.
  • Kompetanse og rekruttering: godkjent lærebedrift med lærlingar frå reinskule; no 4 faste heilårstilsette og 2 sommarstillingar, turnus annankvar veke.
  • Moderne reindrift: dronar (disp. i verna område), GPS og satellittkommunikasjon (InReach) gjer arbeidet tryggare; eig stor drone + 4 mindre og nyttar helikopter i avgrensa periodar.
  • Kunnskap i arv: gjetarar besøker 4. klasse årleg, og 7. klasse vitjar slakteriet på Grønhø.
  • Lokalmat med kvalitetsstempel: «Rein frå Jotunheimen» har Beskyttet geografisk betegnelse (2021); naturbeite utan kraftfôr og slakting på staden.
  • Marknad og sal: kjøt kan kjøpast via Stensaas Reindyrslakteri og på Smak i Lom, eller som heil rein; mange reiselivsaktørar kjøper heil rein direkte.
  • Samfunnsansvar: laget støttar lokale tiltak, mellom anna den nye vidaregåande skulen i Lom.
  • Berekraft og samsvar: gode beite og godt samspel med reiseliv og andre brukarar av fjellet; deltek i forsking på skrantesjuke (CWD) og tek klimaendringar på alvor.

    Du kan lese meir om Rein frå Jotunheimen og Lom tamreinlag her.