Ikkje øydelegg jula for avlaupetHald feitt og matrestar unna vasken og toalettet.Kjære innbyggjar: Når du lagar ribbe, pinnekjøt og anna god julemat, er det éin ting som verkeleg kan øydelegge både stemninga og avlaupssystemet vårt; feitt og matrestar i vasken eller toalettet.Så i år ber vi deg om éin ting:Ikkje tøm feitt, matolje eller matrestar i vasken eller toalettet!Om du ikkje kan gjere deg nytte av matfeitt og matrestar, gjer dette i staden:La feittet stivne i panna, skrap det av og kast det i restavfalletSamle brukt matolje i ein tett behaldar og kast i restavfall, eventuelt lever det til gjenvinningBruk matavfallsordninga for matrestarDet tek berre nokre sekund ekstra – men det sparar både deg, naboane dine og oss i kommunen for unødvendige kostnadar, problem og arbeid. Saman kan vi sørgje for at avlaupet også får ei god jul.Miljøstasjonen i julaI romjula vil miljøstasjonen i Lom halde stengt. Papp/papir og glas-og metallemballasje kan leverast på returpunkta som vanleg. Hugs å sortere glansa gåvepapir som restavfall.Les meir om vinter og jul i NGR Sist endret 16.12.2025 09.49