Informasjonsmøte for bygg- og anleggsbransjenFelleskontor for plan, byggjesak og miljø i Lom og Skjåk inviterer lokale entreprenørar og andre aktørar i bygg- og anleggsbransjen til informasjonsmøte om digitale byggjesøknader, søknadsplikt, ansvarsrett og gravemelding.Kommunane ønskjer å leggje til rette for ein enklare og meir effektiv byggjesøknadsprosess. Vi vurderer difor å innføre krav om digital innsending av byggjesøknader frå 1. januar 2027. På møtet orienterer vi om aktuelle digitale søknadsløysingar og korleis desse kan nyttast i praksis.Vi vil også gå gjennom sentrale delar av regelverket i plan- og bygningslova, med særleg vekt på kva tiltak som kan gjennomførast utan søknad, kva som er søknadspliktig, og når det er krav om ansvarlege føretak.Tid, stad og påmeldingTid: Fredag 11. desember 2026 kl. 12:30 – 14:30Stad: Kommunestyresalen, Skjåk kommunePåmeldingsskjema finn du nedst i sakaEnkel servering.Tema for møtetDigitale byggjesøknader: Aktuelle søknadsløysingar og informasjon om mogleg krav til digital innsending frå 2027.Søknadsplikt: Kva tiltak kan utførast utan søknad, og kva tiltak krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova?Ansvarsrett: Kva tiltak kan gjennomførast utan ansvarlege føretak, og når er det krav om ansvarsrettGravemelding: Rutinar, krav og ansvarsfordeling ved gravearbeid.Spørsmål og dialog: Praktiske problemstillingar og erfaringsutveksling med bransjen.Målet med møtet er å gje entreprenørar og andre aktørar betre kjennskap til regelverket, slik at det blir enklare å vurdere kva krav som gjeld før eit tiltak blir sett i gang.Vi ønskjer å leggje opp til eit praktisk og nyttig møte med god tid til spørsmål og diskusjon. Ved påmelding kan de gjerne sende inn konkrete problemstillingar eller tema de ønskjer at vi tek opp.Vi håpar mange har høve til å delta. Påmelding informasjonsmøte for bygg- og anleggsbransjen Sist endret 24.11.2026 15:52