Informasjonsmøte for næringslivet om retaksering og eigedomsskatt

Lom kommune inviterer eigarar av næringseigedomar på Fossbergom til eit informasjonsmøte om retaksering av eigedomar og eigedomsskatt.

Retakseringa av næringseigedomar i Lom kommune startar i juli 2026, og dei nye takstane gjeld frå skatteåret 2027. Synfaring av næringseigedomar er planlagd i veke 37, frå 7. til 11. september.

Målet med møtet er å gi informasjon om den komande retakseringa og svare på spørsmål frå næringslivet.

På møtet får du informasjon om:

  • kvifor kommunen gjennomfører retaksering
  • korleis synfaringa blir gjennomført og kva eigarane kan vente seg
  • korleis næringseigedomar blir takserte
  • korleis eigedomsskatten blir rekna ut
  • den vidare prosessen

Det blir også høve til å stille spørsmål.

Tid og stad

19. august kl. 18:00

Kommunestyresalen, Midtgard

Det blir enkel servering. Det er ikkje nødvendig med påmelding.

Velkomen til informasjonsmøte!