Informasjonspunkt når mobilnett og internett ikkje fungerer

Når internett og telefon er nede kan du besøke kommunen sine etablerte informasjonspunkt for å få informasjon og kontakte nødetatar eller kommunale tenester. 

Slik førebur du deg

Her er informasjonspunkta i Lom

Lom

  • Bøverdalen samfunnshus, Sognefjellsvegen 1931, 2687 Bøverdalen
  • Garmo bygdahus, Eklevegen 2, 2685 Garmo
  • Lidarende i Lia, Liavegen 725, 2686 Lom
  • Lom folkebibliotek, Bergomsvegen 29, 2686 Lom
Kart over Lom. Når internett og telefon ikkje fungerer - Klikk for stort bilde

Stand saman med Sivilforsvaret

I Nord-Gudbrandsdalen har dei seks kommunane gått saman for å gje samkøyrd informasjon til deg som innbyggar om kvar du kan vende deg viss du treng å koma i kontakt med kommunale tenester eller nødetatane når telefon og internett er nede.

Laurdag 31. oktober møter du Lom kommune saman med Sivilforsvaret her:

Rognealleen ved Coop Extra, Laurdag 31. oktober kl. 12-15

Vi håpar å sjå deg!