Innføring av midlertidig søknadsfrist for næringsfondet

I nyheitsbrevet for mai kan du lese om at Lom kommune innfører nye søknadsfristar for næringsfondet, styrkjer dialogen med lokale verksemder og inviterer til fleire møteplassar denne våren.

Nye søknadsfrister

Lom kommune har vedteke midlertidige søknadsfristar for det kommunale næringsfondet i 2026. Fyrste frist er 25. mai, og ein eventuell andre frist blir 15. oktober, dersom det står att midlar. Kommunen oppmodar søkjarar til å ta kontakt med næringssjefen før innsending.  Bedrifter som søkjer om tilskot til landbruk og skogbruk treng ikkje å forhalde seg til den nye søknadsfristen.

Besøk frå NHO

NHO har nyleg gjennomført kommunedag i Lom, med bedriftsbesøk, møte med kommunen og kåring av TINE Meieriet Lom og Skjåk som månadens bedrift. I tillegg vart det arrangert bedriftslunsj på Fossberg, der lokale verksemder delte erfaringar og innspel.

Våren byr òg på fleire opne arrangement: 

  • Vaffeltreff 30. april
  • Infomøte 4. mai om utbyggingsprosjekt
  • Frukostmøte 5. mai for næringslivet

Kommunen jobbar vidare med kampanjefilm om startlån, har investert i nye utemøblar og vurderer søknad om støtte til betre mobildekning. Det er òg framleis ein ledig plass i lærlingkollektivet for unge i arbeid eller utdanning.

Til slutt finn du ei oppdatert oversikt over ledige bustader, tomter og næringsareal for dei som vurderer etablering eller utvikling i Lom.

Les nyheitsbrevet for mai her Nyheitsbrev for mai

Ynskjer du å få nyheitsbrevet rett i innboksen din?

Meld deg på her