Måndag kl. 18:00 var det ei spontan feiring i Utgard, og kultursalen var fullsatt og vel så det med folk frå heile Ottadalen. Applaus, latter og tårer sat laust.
Godkjenninga av Jotunheimen vidaregåande skule er resultatet av ein heilt ekstraordinær innsats. Gjennom pågangsmot, dugnadsånd og eit sterkt samhald har bygdefolk, næringsliv, kommunar, organisasjonar og eldsjeler stått saman for å sikre eit vidaregåande skuletilbod i Lom.
Lom kommune vil rette ein særleg varm og stor takk til TAFI, og til alle som har bidrege.
Godkjenninga betyr tryggleik for framtidige elevar, styrkt lokalsamfunn og ei tydeleg stadfesting av at lokalt engasjement verkeleg gjer ein forskjell.
For å markere denne dagen vil Lom kommune heise flagget tysdag 20. januar.
Det blir gjort med stoltheit, takksemd og tru på framtida.
Bli med du og!
Spontan feiring av Jotunheimen vidaregåande si godkjenning. Her er TAFI, og elevar og lærarar frå Jotunheimen privatistskule representert.