I ei tid der fleire skular i distrikta har vorte lagt ned, er det ikkje sjølvsagt at ein kan opne ein ny vidaregåande skule. Nettopp derfor vart dagen også ei markering av det sterke engasjementet som har vore i Ottadalen og distrikta i Innlandet.
- 23. oktober 2024 vart det vedteke at Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Lom skulle leggast ned.
- 18. august 2025 opna Jotunheimen privatistskule.
- 17. august 2026, opna Jotunheimen vidaregåande skule - ein privat vidaregåande skule med statleg støtte.
For ein innsats og for eit engasjement som har blitt lagt ned for å få dette til. I dag var det endeleg tid for å feire!
Ein skule som betyr noko
For ungdomane handlar ein nærskule om mykje meir enn avstand på eit kart.
I løpet av dagen fekk vi høyre frå elevar som fortalde om kva det har betydd for dei å kunne gå på vidaregåande i Lom.
For nokre handlar det om å sleppe lange dagar på buss. For andre handlar det om tryggleik, kjende omgjevnader og det å vere ein del av eit fellesskap. Og for enkelte kan ein nærskule vere forskjellen på å starte på vidaregåande – eller ikkje.
Elevar fortalde om lærarar som ser dei som menneske, og om klasser som har stått saman frå første skuledag. Det vart også fortalt om ungdom som har stått i krevjande livssituasjonar, men som har kunna halde fram på skulen med klassa og lærarane rundt seg.
Under opninga vart det understreka at elevane skal bli sett som enkeltpersonar – ikkje som ei elevmasse. Det skal vere tette band mellom lærarar og elevar, og ein skule der det er trygt å vere seg sjølv.
Og kanskje er det så enkelt som det som vart sagt til elevane denne dagen: Hugs å seie hei. Ta vare på kvarandre. Tenk dykk om og gjer flest mogleg gode val.
Skulen har ikkje kome av seg sjølv
Bak dagens opning ligg det mykje engasjement, diskusjonar, dugnad og pågangsmot. TAFI, lokale eldsjeler, føresette, elevar, næringsliv, kommunane og mange andre har vore viktige i arbeidet for å få skulen på plass.
Kommunane Lom, Skjåk og Vågå har valt å satse på prosjektet. For lokalsamfunnet er skulen ei investering i framtida – i ungdomane, kompetansen og moglegheita til å bu og arbeide i regionen.
Dagen vart også ei påminning om at bygdene våre har mykje å bidra med. Regionen er full av ressursar, menneske og initiativ.
«Gærfin ungdom – håp for framtida»
Ein av dei som sette eit tydeleg preg på dagen, var artist og musikar Matoma. Han kom til Lom for å vere med på opninga og møtte ein sal full av ungdom.
Han snakka om kultur, samhald, identitet og om krafta som finst i bygdene. Han hadde også med seg ei gåve til ungdomane – ei ny låt (Kraft av Jotunheimen) som han framførte på piano.
Matoma oppsummerte møtet med ungdomane på sin eigen måte: Han såg «gærfin ungdom – håp for framtida».
Og det var kanskje nettopp dette opningsdagen handla om.
Om ungdom som skal få moglegheit til å skape si eiga framtid her. Om lærarar og tilsette som skal fylle skulen med innhald og fellesskap. Og om eit lokalsamfunn som har vist at det nyttar å engasjere seg og stå saman.
Jotunheimen vidaregåande skule er ikkje lenger berre ein idé eller ein kamp. Nå er skulen her.
Gratulerer med dagen til TAFI, alle elevar og tilsette ved Jotunheimen vidaregåande skule – og lykke til med eit nytt kapittel i Lom og Ottadalen!
Sjå programmet for dagen