Justert og forsterka skilting på Kyrkjevollen

Før sommarsesongen er skiltinga på Kyrkjevollen og i området rundt gamle Loar justert og forsterka. Målet er å gjere parkeringa og trafikken meir oversiktleg for både besøkande og lokale brukarar.

Onsdag vart dei nye skilta sette opp av Øyvind Pedersen og Anniken Stee frå Lom kommune.

Framfor Lom stavkyrkje er det no tydeleg skilta seks reserverte parkeringsplassar for turistbussar. Dette skal gjere det enklare for bussar med besøkjande å finne eigna parkering når dei kjem til Lom. Parkeringsplassane er merkte med skiltet «Tour bus only», slik at det også er lett for utanlandske bussjåførar å sjå at plassane er reserverte for turistbussar.

På same området er det òg skilta eigne parkeringsplassar for personbilar.

Parkeringsplassen mellom biblioteket og ungdomsskulen er no skilta for personbilar og bubilar. I ungdomsskulen sin sommarferie kan også inntunet nyttast til parkering for personbilar og bubilar.

Det er framleis stengt for køyring mellom biblioteket og kyrkja. Kommunen minner samtidig om at camping er forbode i heile området.

Den nye skiltinga skal gjere det enklare å finne fram og bidra til ei tryggare og meir oversiktleg trafikkavvikling gjennom sommaren.