Karrieredagen 2026 – årets store slepp av jobbar og lærlingplassarDen 4. februar er det igjen klart for Karrieredagen i Nord‑Gudbrandsdalen – og vi spør like godt først som sist: Har du sett av datoen i kalenderen? Dette er årets viktigaste møteplass for alle som er på jakt etter jobb eller lærlingplass i dalenes dalKarrieredagen samlar arbeidsgjevarar, bransjar og unge arbeidssøkjarar til ein dag full av moglegheiter, gode samtalar og konkrete stillingar du kan søkje på med det same.Lansering med livesendingDagen blir også sparka i gang med ei eiga videosending – full av historier, humor og stemning frå kvardagslivet i Nord‑Gudbrandsdalen. Her får du sjå korleis folk i regionen arbeider, bur og trivst, og kvifor så mange vel å satse karrieren sin her.Stilling- og lærlingeslepp på komtiloss.nokl 12:00 blir det lansert eit stort felles slepp av ledige stillingar og lærlingplassar i heile regionen.På komtiloss.no finn du ei samla oversikt over mange ledige jobbar – innanfor mange bransjar og alt frå faste, vikariat til sommarjobbar. Møt arbeidsgjevarane på OttaUnder sjølve Karrieredagen får du høve til å møte folk som faktisk veit kva jobben går ut på. Her kan du:snakke direkte med arbeidsgjevararbli kjent med ulike fag og bransjarstille spørsmål om arbeidshøve, lærlingløp og vidare karrieremoglegheiterknytte kontaktar som kan bli viktige for framtida diArrangementet eignar seg for både ungdom, vaksne arbeidssøkjarar og alle som vurderer nye karrierevegar.Velkomen!Karrieredagen er eit samarbeid på tvers av kommunar og næringsliv i regionen, og har som mål å gjere det enklare å finne både arbeidskraft og arbeidsplass i Nord‑Gudbrandsdalen.Vi sjåast! Sist endret 28.01.2026 15.14