Karrieredagen 4. februar 2026

Onsdag4. februar 2026 samlar vi arbeidsgjevarar, jobbsøkjarar og elevar til stillingsslepp, lærlingsslepp og jobbmesse på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Otta.

Karrieredagen 4. februar samam med logoane til Kom til oss, Stillingsleppet og Lærlingssleppet - Klikk for stort bilde

Karrieredagen er eit felles arrangement for heile Nord-Gudbrandsdal. Målet er å gjere rekruttering enklare og synleggjere moglegheiter i regionen.

Dagen består av tre hovudelement:

  • Stillingsslepp: Felles utlysing av ledige stillingar i Nord-Gudbrandsdal
  • Lærlingsslepp: Utlysing av lærlingplassar
  • Jobbmesse: Ein fysisk møteplass der arbeidsgjevarar kan ha stand og møte kandidatar direkte

Program

  • Kl. 12:00: Offisiell lansering av stillingsslepp og lærlingsslepp
  • Kl. 12:00–14:00: Jobbmesse på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Otta

Invitasjon til arbeidsgjevarar

Vi ynskjer å invitere deg med på stillingsslepp, læringslepp og jobbmesse 4. februar 2026!

Dette er di sjanse som arbeidsgjevar til å vise fram ledige jobbar og lærlingplassar – og møte framtidige medarbeidarar ansikt til ansikt.

Våre ambisjonar er at sleppet skal vera attraktivt for deg som arbeidsgjevar, med enda betre moglegheiter for din bedrift til å finna dei rette folka!

I 2026 blir det både stillingsslepp og læringslepp same dag som jobbmesse på Nord-Gudbrandsdal vgs. avdeling Otta.
Slik bidreg vi til enklare rekruttering og det blir lettare å finne jobb og lærlingplassar!

Ynskjer du å delta?

  1. Legg inn di stilling/lærlingplass på www.komtiloss.no frå 7. januar.
    Kontakt næringssjefen i din kommune dersom du treng hjelp.
  2. Du kan delta med stand på jobbmessa, meld deg på til
    Merethe.olstad.sylte@nav.no så snart som mogleg.
  3. Har du spørsmål? Kontakt prosjektleiar Stian Høglien i
    Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal:
    stian.hoglien@regionkontoret.no
    eller tlf. 988 33 723

Alt er gratis for arbeidsgjevar, det er opp til deg om du vil delta på eitt eller fleire arrangement.

Tips!

I dagens stramme arbeidsmarknad blir gapet stort mellom etterspurt kompetanse og arbeidssøkjar sin kompetanse. Ved å stille færre krav i stillingsannonsane – kan du få fleire søkjarar! Kompetansen kan bli utvikla vidare i bedrifta.

Å velja superrask søknad når du annonserer på arbeidsplassen.nav.no er eit steg i denne retninga.

Karrieredagen er eit samarbeid mellom Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdal, NAV, Karriere Innlandet Gudbrandsdalen, Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, Gudbrandsdal næringsforeining og ni opplæringskontor.