Kunngjering av vedtak av detaljreguleringsplan for Røyskattlie 18.Lom kommunestyre godkjende i møte 23.06.2026 i sak PS 2026/59 detaljreguleringsplan for Røyskattlie 18 (planid . 34340015).Planområdet har eit areal på 6119 m². Planen omfattar kommunens eigedom GID 70/130 (heile), del av GID 70/184 (tomt for Lom helseheim), veggrunn for den kommunale vegen Røyskattlie og krysset mot fylkesveg 2638 Solsidevegen. Om reguleringsplanenPlanen legg til rette for bygging av omsorgsbustadar med tilhøyrande personalbase (knytt til miljøarbeidartenesta) på eit areal på 3918 m². Bygget med adresse Krokamyrvegen 10 («Kvandalsvollhuset») skal rivast i samband med den nye utbygginga, og er markert som bygnad som skal bli fjerna i planen. Planen inneberer også regulering som legg til rette for opprusting og betre kryssløysingar for Røyskattlivegen. Det er regulert 6 langsgåande parkeringsplassar langs Røyskattlie, og også ei «ventelomme» der bilar/minibussar kan stoppe midlertidig for å ta på og setje av passasjerar. For nærare informasjon om planen, viser ein til dei vedlagte dokumenta.Dokument i planenPlanvedtaket omfattar følgjande dokument:Sakspapir frå behandlinga i kommunestyret 23.06.2026 (PDF, 515 kB)Reguleringsplankart (PDF, 401 kB) Planføresegner (PDF, 97 kB)Planomtale (PDF, 3 MB) ROS-analyse (PDF, 2 MB)Planen er også lagt ut på kommunen sitt servicetorg og på biblioteket. Har du innspel?Partar i saka og andre med rettsleg klageinteresse, kan klage på kommunestyret sitt vedtak om godkjenning av planen, jf. forvaltningslova kap. VI. Eventuell klage sendast Lom kommune innan 3 veker frå kunngjeringsdato.Send til:post@lom.kommune.no ellerLom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 LomSpørsmål om detaljreguleringsplanen, forhold knytt til evt. klage mm., kan rettast til Felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar v/Øyvind Pedersen. Publisert av Marit Rolstad Sist endret 26.06.2026 09.46