Kunngjering av vedtak om godkjenning av reguleringsendring for Gjeisar.

Kommunestyret i Lom gjorde 5. mai 2026 samrøystes vedtak om å endring av reguleringsplanen for Gjeisar (sak PS 2026/36). 

Om vedtaket

Vedtaket inneberer mellom anna at reguleringsformål for område B13 er endra til «Bustadar – konsentrert småhus».

Vedtaket lyder slik:

«I medhald av § 12-14, andre ledd i plan og bygningslova, godkjenner Lom kommune endring av detaljreguleringsplan for Gjeisar for område B13 (planid. 5140057) som går fram av saksutgreiinga, utsnitt av revidert reguleringsplankart og reviderte reguleringsføresegner. Det er gjort endring av reguleringsføresegnene punkt 3.1.5 Biloppstilling, 3.2 Bustadar - frittliggande småhus og 3.3 Bustadar - konsentrert småhus, slik det går fram av saksutgreiinga og reviderte reguleringsføresegner.»

Plandokument

Plandokumenta omfattar:

Utskrift på papir er tilgjengeleg på kommunen sitt servicetorg og på Lom folkebibliotek.  

Klage

Partar i saka og andre med rettsleg klageinteresse, kan klage på kommunestyret sitt vedtak om godkjenning av planen, jf. forvaltningslova kap. VI. 

Eventuell klage sendast til Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom

eller på e-post: post@lom.kommune.no

Klagefrist: 04.06.2026

Spørsmål

Har du spørsmål om:

  • reguleringsendringa/reguleringsplanen?
  • forhold knytt til eventuell klage?
  • andre spørsmål knytt til saka?

Spørsmåla kan rettast til felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar