Kva skal Lom kommune prioritere dei neste fire åra?

Lom kommune inviterer innbyggjarar, lag og foreiningar til innbyggjardialog om framlegget til Handlings- og økonomiplan 2027–2030. Kom med innspel før den endelege politiske behandlinga.

Handlings- og økonomiplanen legg føringar for kommunen sine prioriteringar og bruk av ressursar dei komande fire åra. Planen omfattar mellom anna drift av kommunale tenester, investeringar og tiltak som skal møte framtidige behov og utfordringar.

På møtet får du informasjon om formannskapet sitt framlegg og høve til å kome med innspel og stille spørsmål før endeleg politisk behandling.

Formannskapet si innstilling ligg ute til høyring frå 24. november til 7. desember 2026.

Tid og stad

  • Dato: 1. desember 2026
  • Tid: 18:00-19:30
  • Stad:Lom folkebibliotek

Vi ønskjer breitt engasjement og oppmodar alle som er interesserte i utviklinga av kommunen, til å delta.

Vel møtt!