Landbrukssjef i 100 % fast stilling

Vil du leie og vidareutvikle landbruksforvaltninga i fjell-Noreg? Vi søkjer ein framtidsretta, samlande og fagleg trygg landbrukssjef som vil gjere ein forskjell for landbruket, utmarka og lokalsamfunnet i Lom og Skjåk. 

Skjåk kommune har ledig stilling som landbrukssjef frå mars 2027. 

Stillinga er for tida ved landbrukskontoret for Lom og Skjåk. 

Du får ansvar for fag, drift og utvikling av landbrukskontoret – og du blir ein viktig rådgjevar for administrasjon og politisk nivå i begge kommunane. Du vil arbeide i ei meiningsfull stilling med stor samfunnsverdi, der du vil få gode moglegheiter for fagleg utvikling, stor påverknad og nær kontakt med næringa. Du vil bli ein del av eit kompetent og triveleg fagmiljø i ein region med sterk landbruks- og utmarksprofil. 

Som landbrukssjef vil du kunne ha ei fleksibel arbeidstid, og jobbe i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. 
Lom og Skjåk kommunar har etablert felles landbruksteneste der Skjåk kommune er vertskommune. 
Landbrukskontoret har i dag 5 tilsette (3,6 årsverk). Du får personalansvar og rapporterer til kommunalsjef for miljø og samfunnsutvikling

Arbeidsoppgåver 

  • Leie og utvikle landbrukskontoret, med ansvar for fag, medarbeidarar, kvalitet og ressursar.  
  • Saksbehandling, rettleiing og forvaltning etter jordlova, konsesjonslova, skogbrukslova og tilhøyrande forskrifter. 
  • Forvaltning og kontroll av tilskotsordningar (t.d. produksjonstilskot, RMP og SMIL midlar) i tråd med nasjonale føringar og i samspel med statsforvaltaren. 
  • Bidra i plan  og bygningssaker og saker om naturmangfald og motorferdsel i utmark. 
  • Rådgjeving i areal  og næringsutvikling, og tett dialog med næringa, næringsorganisasjonar og regionale/statlege styresmakter. 
  • Saksbehandling for tildelingar innanfor ansvarsområde for næringsfondet til Skjåk kommune 

Tenesta og oppgåvene er i stadig utvikling, og den som blir tilsett må vere førebudd og open for endring i oppgåver og ansvarsområde. 

Kvalifikasjonar 

  • Høgare relevant utdanning, (minst bachelor), fortrinnsvis innan landbruk. Høgare utdanning innan skog-, miljø- eller naturressursforvaltning kombinert med tidlegare leiarerfaring kan kompensere for manglande utdanning innan landbruk. 
  • Erfaring med offentleg saksbehandling og kjennskap til forvaltningslova og offentleglova vil vere ein fordel. 
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk  
  • Førarkort klasse B. 

Vi vektlegg at du  

  • har leiarerfaring og/eller personalansvar frå offentleg forvaltning 
  • har erfaring frå saksfelt som jord-, skog-, plan  og bygningssaker  
  • har erfaring knytt til arbeid med naturmangfald, samt tilskotsforvaltning og digitale fagsystem (t.d. eStil PT). 
  • har kjennskap til klima- og energiarbeid i kommunal sektor  
  • har kjennskap til næringsutvikling knytt til landbruk og utmark 
  • har god digital kompetanse, og at du ser moglegheiter i digitalisering og utvikling av gode system  
  • er ein tydeleg og inkluderande leiar som prioriterer, involverer og skapar retning 
  • har god vurderingsevne, struktur og gjennomføringsevne 
  • har evne til å bygge tillit og godt samarbeid med næringa, fagmiljø og politiske organ 
  • trivst med høgt aktivitetsnivå og menneske rundt deg i jobbkvardagen  

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr 

  • tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale  
  • pensjonsordning i KLP 
     

Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunalsjef Roger Johansen på telefon 41 51 36 87. E-post: roger.johansen@skjaak.kommune.no 

Søknadsfrist 04.10.2026  

Elektronisk søknadsskjema 
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.