Ledig lærarstilling ved barneskulen i Lom!

Loar skule søkjer lærar som vil vere med og skape ein trygg, inkluderande og aktiv skulekvardag for elevane våre. Søknadsfrist: 17. mai 2026

Loar skule er ein barneskule i Lom kommune, plassert i nasjonalparklandsbyen Lom, rett under Lomseggen. Skulen har eit allsidig og godt tilrettelagt uteområde, og vi nyttar både skulegarden og nærmiljøet aktivt i undervisninga. Dette gir gode rammer for variert og praktisk læring, både inne og ute.

Som lærar ved Loar skule blir du ein viktig del av eit fellesskap som arbeider målretta for eit trygt, inkluderande og læringsfremjande skulemiljø. Skulen har gode resultat når det gjeld både trivsel og læringsutbytte, og vi legg stor vekt på relasjonar, struktur og skule–heimsamarbeid.

Vi har 1:1 digital eining for alle elevar og tilsette, og lærarane har handlingsrom til å nytte varierte undervisningsformer som legg til rette for tilpassa opplæring og elevmedverknad. 

I utviklingsarbeidet vårt er Oppvekstreform, Kompetanseløftet for spesialundervisning og inkluderande praksis og prinsippet om laget rundt barnet sentrale føringar.

Vår visjon er å vere ein skule med aktive elevar i ei vid tyding av omgrepet. Vi ønskjer elevar som tek ansvar for eiga læring, som er nysgjerrige, kritiske og utforskande, og som gradvis utviklar kompetanse i å forstå korleis dei lærer best. For oss inneber dette undervisningsopplegg som gir elevane valmoglegheiter ut frå ferdigheiter og kompetanse, og som støttar både fagleg og sosial utvikling.

Vi søkjer deg som:

  • er engasjert, omgjengeleg og fagleg oppdatert
  • ser og tek omsyn til den enkelte elev
  • er trygg i klasseleiing og tydeleg i kommunikasjonen
  • er god til å bygge relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
  • er opptatt av elevmedverknad i planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning
  • reflekterer over og utviklar eige undervisningspraksis
  • er initiativrik, strukturert og sjølvstendig
  • er ein lagspelar med gode samarbeidsevner
  • er kreativ og nytenkjande

Arbeidsoppgåver

  • Planleggje, gjennomføre og leie elevane si læring
  • Analysere, vudere og følgje opp elevane si faglege og sosiale utvikling
  • Bidra til eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
  • Delta aktivt i profesjonsfellesskapet på skulen og i samarbeid med andre fagmiljø
  • Det kan bli aktuelt med kontaktlæraransvar
  • Sørgje for eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane
  • Vere aktiv i profesjonsfellesskap på skulen og i samarbeid med andre
  • Det kan bli aktuelt med kontaktlæraransvar

Kvalifikasjonar

  • Godkjend formell utdanning som kvalifiserer for undervisning i grunnskulen
  • God relasjonskompetanse og tydeleg klasseleiing
  • Skulen søkjer samla sett å dekke flest mogleg fag
  • Erfaring med og interesse for uteskule, samt bruk av nærmiljø og natur som læringsarena, er ein fordel

Vi tilbyr

  • godt lærings- og arbeidsmiljø
  • vakre omgjevnader i ei fjellbygd med fantastiske moglegheiter for friluftsliv
  • løn etter utdanning og ansiennitet
  • obligatorisk tenestepensjon


Stabilitet og personlege eigenskapar blir vektlagt, saman med utdanning og praksis. Det er ynskjeleg at dei som søker oppgjev referansar i søknaden.

  • Søkjarliste vil bli offentleggjort. 
  • Det er krav om politiattest for stillingar i skulen.

Er dette noko for deg? 

Da ser vi fram til å høyre frå deg! Send inn ein søknad innan 17. mai 2026. 

Gå til søknadsskjema

Sletting av studielån

Buset du deg i Lom og er i arbeid, kan du få sletta inntil 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommunar på Lånekassen si nettside