Litt om renovasjonsgebyret

Auka krav og kostnader gjer at renovasjonsgebyret stig.

Denne saka tek for seg hovudpunkta om renovasjonsgebyret, henta frå informasjon publisert av Nord-Gudbrandsdal Renovasjon (NGR). For ei grundigare forklaring og meir detaljert informasjon, viser vi til NGR si fullstendige artikkel

Kvifor aukar renovasjonsgebyret?

Nye nasjonale krav til kjeldesortering og auka kostnader gjer at renovasjonsgebyret stig – både i Lom og elles i landet.

Renovasjonsgebyret er eit sjølvkostgebyr. Det betyr at gebyret berre skal dekke kostnadene med å hente, transportere og behandle avfall, samt drift av miljøstasjonar. Ingen tener pengar på gebyret.

I Nord-Gudbrandsdalen har overgangen frå sekk til dunk ført til store investeringar i nye bilar, behaldarar og henteruter. Samstundes har staten auka CO₂-avgifta på forbrenning av restavfall.

Både NGR, kommunane og innbyggjarane kan bidra til å halde kostnadene nede gjennom effektiv drift og god kjeldesortering.