Lom Bryggeri fyller 10 år

Lom Bryggeri er ei bedrift som verkeleg har vore med på å setje Lom på kartet. I oktober 2026 markerer bryggeriet 10 år sidan oppstarten, og det fortener ei stor gratulasjon.

Vi besøkte Olav og John Are på bryggeriet ein sumardag i juli, medan ein jamn straum av kundar fann vegen innom.

Bedrifta held til på Grjotheim-garden i Lia. I det som tidlegare var ei vanleg låve, blir det i dag produsert øl under merkevara LOMB, den historiske skrivemåten for Lom frå dansketida. Vegg i vegg med bryggeriet ligg både pub og gardsbutikk, og stadig fleire har fått augo opp for moglegheita til å handle lokalt i Lia.

Gjennom ti år har bryggeriet bygd opp eit sterkt merkenamn. Produkta frå Lia er å finne på hotell, restaurantar og serveringsstader over store delar av landet, og særleg i Gudbrandsdalen står LOMB sterkt. Bryggeriet er òg synleg på festivalar og arrangement som Peer Gynt og Rondaståk, der dei får vist fram både produkta og historia bak bedrifta.

Eit kjenneteikn ved Lom Bryggeri er den tydelege satsinga på lokale råvarer og ein sirkulær tankegang med minst mogleg svinn. Dette er verdiar som går att både i produksjonen og i utviklinga av nye produkt.

Dei siste åra har vore krevjande for mange mikrobryggeri, og talet på aktørar har gått ned, også i Gudbrandsdalen. For mindre produsentar merkast særavgiftene godt på økonomien, samstundes som endra kundevanar gjer det viktig å finne nye marknader og moglegheiter for vidare utvikling.

For å styrkje bedrifta vidare deltek bryggeriet i dag mellom anna i Grønt Gir og program gjennom Skåppå. Varde Investeringslaug gjekk også inn på eigarsida i 2023 for å bidra til vidare vekst og utvikling.

I dag omset bedrifta for om lag åtte millionar kroner og arbeider målretta for vidare vekst og fleire viktige heilårsarbeidsplassar i Lom.