Lom legekontor flyttar mellombels til Lom helseheim

På grunn av vedvarande støy frå ombygginga må Lom legekontor dessverre flytte mellombels igjen. 

Flyttinga vil gjelde frå måndag 16. mars og vil vare på ubestemt tid, men er førebels anslått til om lag tre månader.

Kvar finn du legekontoret

I denne perioden vil legekontoret halde til i mellombelse lokale i 2. etasje på Lom helseheim, nærare bestemt ved avdeling 2.

Inngang for besøkande

Besøkande må nytte hovudinngangen til helseheimen. 

Ambulanse, drosje og andre som har behov for direkte tilkomst til legekontoret, kan nytte inngangen på baksida av bygget mot kjøkkenet. Innkøyring skjer frå Vassvegen.

Legekontoret planlegg for normal drift gjennom heile perioden.