Lom legekontor og helsestasjonen flyttar mellombels til Lom helseheim

På grunn av vedvarande støy frå ombygginga må Lom legekontor og helsestasjonen flytte mellombels. 

Flyttinga vil gjelde frå måndag 16. mars og vil vare på ubestemt tid, men er førebels anslått til om lag tre månader.

Kvar finn du legekontoret og helsestasjonen

I denne perioden vil legekontoret og helsestasjonen halde til i mellombelse lokale i 2. etasje på Lom helseheim, nærare bestemt ved avdeling 2.

Inngang for besøkande

Besøkande må nytte hovudinngangen til helseheimen. 

Ambulanse, drosje og andre som har behov for direkte tilkomst til legekontoret, kan nytte inngangen på baksida av bygget mot kjøkkenet. Innkøyring skjer frå Vassvegen.

Det er planlagt for normal drift gjennom heile perioden.