Lom og Skjåk best i Innlandet på å få ukrainske flyktningar ut i arbeid

27. november kunne vi lese ei gladnyheit i GD: Lom og Skjåk er desidert best i Innlandet når det gjeld å få ukrainske flyktningar i arbeid. 

Under ei større fagsamling på Lillehammer torsdag fekk arbeidet i Lom og Skjåk ros frå arbeids- og integreringsminister Kjersti Stenseng.

Ferske tal viser at berre 42,2 prosent av ukrainske flyktningar i landet totalt er i arbeid. I Lom og Skjåk er situasjonen langt betre, med høvesvis 71 og 75 prosent i jobb. Dette er markant høgare enn landssnittet og også betre enn dei fleste andre kommunar.

Stenseng løfta fram Lom og Skjåk som døme på kommunar som lukkast, og peikte på kor viktig det er at flyktningar raskt får fotfeste i arbeidslivet. Ho presenterte samtidig ei tiltakspakke som skal styrkje arbeids- og opplæringsløpet for alle flyktningar, og varsla strengare krav og tydelegare forventningar i introduksjonsprogrammet.

I både Lom og Skjåk peikar ein på gode samarbeid i Ottadalen som ein nøkkelfaktor. Næringsliv, Nav og kommunane jobbar tett saman, både gjennom formelle og uformelle nettverk. 

I Lom fortel flyktningetenesta at det er lett å få flyktningane ut i sommarjobb, og at fleire òg har fått heilårsarbeid, mellom anna hjå Vaskeriet, Innlandet tak og isolasjon og Fossberg. Nokre jobbar også som reinhaldarar i Lom kommune. 

Flyktningetenesta i Lom understrekar at suksessen ikkje skyldast enkelttiltak, men at mange aktørar bidreg. Det er stor velvilje i bygdene, både frå små og store bedrifter, og mange dreg i same lei for å sikre at dei som kjem hit, får ein god start i arbeidslivet. 

Kommunen ynskjer å rette ein stor tak til alle som bidreg! 

Les saka i GD (+)