Lom tildelt midlar til doktorgradsprosjekt

Lom kommune har fått midlar gjennom ordninga Offentleg sektor-ph.d. Med støtta kan doktorgradskandidat Tonje Kristine Lien Barkenæs Eggen forske på korleis tidleg innsats kan bidra til betre helse, auka eigenmeistring og meir berekraftige tenester i små kommunar.

Forskning på tidleg innsats

Midlane går til prosjektet «Forebygging før vedtak: Utvikling av kunnskapsbaserte modellar for tidleg innsats i små kommunar».

Prosjektet blir gjennomført i samarbeid med OsloMet og tek utgangspunkt i utfordringane mange distriktskommunar står overfor, med fleire eldre innbyggjarar og færre yrkesaktive.

Kunnskap for framtidas kommunar

Målet er å utvikle kunnskapsbaserte modellar for tidleg innsats som kan styrkje eigenmeistring og bidra til at innbyggjarane kan klare seg sjølve lenger. Gjennom prosjektet skal kommunane få meir kunnskap om kva som fremjar helse, meistring og deltaking blant innbyggjarar over 65 år.

Erfaringane frå prosjektet vil kunne gi verdifull kunnskap både for Lom kommune og andre små kommunar.

Gratulerer med tildelinga

Lom kommune gratulerer Tonje Kristine Lien Barkenæs Eggen med tildelinga og ønskjer lykke til med det spennande arbeidet.