Det er Lom kommune v/ næringssjef som har sendt inn nominasjonen av dei to bedriftene frå Lom, så under kan du lese teksten som vart sendt inn i nominasjonsprosessen.
Årets unge verdiskapar: Jehans Bakke v/ Nordal Turistsenter:
Prisutdeling på Rudi Gard.
Lom kommune
Jehans Bakke (38 år) blir nominert som årets unge verdiskapar for arbeidet han har gjort med å utvikle Nordal turistsenter i Lom den tida han har vore dagleg leiar (og også delvis eigar gjennom selskapet «Brødrene Bakke Invest AS»)
For den som ikkje kjenner til bedrifta så er Nordal turistsenter ei viktig overnattingsbedrift midt i Lom sentrum, som driv med både camping, restaurant, pub og hotellovernatting. Under Jehans si leiing har heile plassen gjennomgått ei solid oppgradering, inklusiv heilt ny leikeplass til 2-3 millionar, oppussing både innvendig og utvendig, ny flott uteservering og til slutt ei stor investering på 12 millionar i nye hytter – sannsynlegvis den største enkeltinvesteringa i bedrifta si historie, reint økonomisk.
Dei har revet 13 gamle hytter og bygd åtte nye, med langt høgare standard og større moglegheiter for vinterdrift. Totalt er det over 50 hytter på Nordal.
Nordal er utan tvil ei familebedrift med lange røtter i Lom (heilt attende til 1894!), men Jehans har definitivt sett sitt preg på utviklinga og modernisert drifta. Han er sjølv ein ivrig jegar, og fokuset på lokal mat står også sterkt hos Nordal. I 2025 hadde Nordal Turistsenter ei omsetning på nær 14 millionar kroner og rundt 30 sesong- og heilårstilsette knytt til drifta.
Aukrust Gard & Urteri
Prisutdeling på Rudi Gard
Lom kommune
Aukrust Gard og Urteri i Lom er ein pioner innan berekraftig matproduksjon og foredling. Garden har vore driven økologisk sidan 1986 og er Demeter-godkjent, den strengaste sertifiseringa innan økologisk landbruk. Drifta byggjer på eit sirkulasjonsprinsipp der eigne husdyr bidreg med kompost og gjødsel til urter, grønsaker og dyrkingsareal, noko som reduserer behovet for innkjøpte innsatsfaktorar. [biodynamisk.no], [visitjotunheimen.no]
På garden blir det dyrka meir enn 200 ulike urter, som blir foredla lokalt til te- og krydderprodukt under eige varemerke. Produkta blir selde over store delar av landet. For tørka produkt brukar dei pappsjaktel (produsert i Norge) og poser av cellofan, som er eit celluloseprodukt. Bedrifta var i mange år knutepunkt og mottakssentral for Norsk Øko-Urt, eit samvirkeforetak for norske økologiske urtedyrkarar (1992-2013). Etter det har dei primært drive eige merkevarebygging, og leverer tørka te og krydder over heile landet.
Bedrifta har i dag om lag fem tilsette og har vore ein aktiv og framtidsretta aktør i bygda i fleire tiår. Dei har vore gjennom både FRAM-programmet, designprogrammet og vekstprogrammet til Innovasjon Norge, og er ein viktig leverandør inn til Gudbrandsdalsmat. På sumaren har dei gardskafè og butikkutsal, i tillegg til ein rekke kulturelle arrangement og utstillingar.
Aukrust har berekraftig drift i ryggmargen, og har gått foran lenge før dei fleste andre brydde seg om berekraft.
Gratulerer til alle dei andre som også var nominert, det var mange bra namn på lista!
Det er fritt fram for alle å sende inn nominasjonar når neste års konferanse skal arrangerast.
Du kan lese meir om Gudbrandsdalskonferansen her. Vår eigen Mari Wedum frå Visit Jotunheimen er forøvrig med som konferansier, og i år var maten laga i samarbeid med opplæringskontoret Brimi-Kjøken - og den var knallgod!