Møt kommunen på stand med Sivilforsvaret i dag!

I dag, laurdag 31. oktober møter du kommunane i Norddalen saman med Sivilforsvaret på desse stadane. Det blir quiz og premiar og nyttig informasjon om korleis du kan styrke beredskapen din:

  • Lesja: Joker kl. 12 -15
  • Dovre: Coop Dombås kl. 12-15
  • Sel: Alti Otta kl. 12-15
  • Vågå: Coop Extra kl. 12-15
  • Lom: Rognealleen ved Coopen kl. 12-15
  • Skjåk: Skjåk folkebibliotek kl. 12-14

Eigenberedskapsveka

Kva gjer vi viss mobilnett og internett ikkje verkar? Det er temaet for Eigenberedskapsveka som blir markert i heile landet 26. oktober – 1. november. I Nord-Gudbrandsdalen har dei seks kommunane gått saman for å gje samkøyrd informasjon til deg som innbyggar om kvar du kan vende deg viss du treng å koma i kontakt med kommunale tenester eller nødetatane når telefon og internett er nede.

Rekk du ikkje koma? Sjekk kommunen si heimeside for kart og informasjon om kvar informasjonspunkta er viss nettet går ned.