NAV-direktør på besøk i Lom og Skjåk

Måndag 22. juni besøkte NAV-direktør i Innlandet, Bjørn Lien, Lom og Skjåk kommunar. Besøket sette søkjelys på godt samarbeid mellom lokalt NAV kontor, lokalt næringsliv og kommunane.

Besøk hjå Interfil

Dagen starta med bedriftsbesøk hjå Interfil, der Kari Ramen og Marius Andreassen presenterte verksemda. Dei fortalde om det gode samarbeidet med NAV-kontoret i Lom og Skjåk, og korleis bedrifta arbeider med integrering og opplæring av flyktningar som ein del av den daglege drifta.

Bjørn Lien og dei tilsette frå NAV-kontoret i Lom og Skjåk fekk òg ei omvising i fabrikklokala. Kommunedirektør Ivar Bø deltok også under besøket.

Samarbeid om arbeid og rekruttering

Besøket vart avslutta med møte på Midtgard saman med Lom kommune. Tema for møtet var arbeidsgjevarteam og korleis NAV og arbeidsgjevarar kan samarbeide for å skape fleire moglegheiter i arbeidslivet og møte framtidige rekrutteringsbehov.

Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde