No kan du søkje på stipend og legat

Lom kommune forvaltar fleire ulike fond og legat som du kan søkje på. Søknadsfrist 15.05.2026

Ordningane gjeld for deg som er folkeregistrert i Lom, og som tek utdanning innan til dømes helsefag, landbruksfag eller handverksfag, ønskjer støtte til fagleg utvikling, eller er del av lag og aktivitetar i kommunen.

Det er ulike kriterium for dei forskjellige stipend- og legatordningane. Vi oppmodar difor alle aktuelle søkjarar om å lese gjennom informasjonen før dei søkjer.

Les meir om dei ulike stipend- og legatordningane, og send søknad her Stipend og legat

Søknadsfrist for alle stipend- og legatordningane: 15.05.2026