No kan du vere med og peike ut retninga for Lom som reisemålLom står framfor mange moglegheiter og val i utviklinga av reiselivet. Korleis kan vi ta vare på naturen, styrkje lokalsamfunnet og samstundes skape aktivitet og arbeidsplassar?Gjennom innbyggjarundersøkinga kan du vere med og påverke retninga vidare. Undersøkinga tek berre nokre få minutt å svare på, og alle som deltek kan vere med i trekninga av flotte lokale premiar:Guida bretur for to personar med Jotunheimen Arrangement3-retters middag for to på LeirvassbuTo Lomslabbar frå Fjell og FritidFamiliebillett til Norsk FjellsenterBoka Heimelaga av Arne BrimiTo Esso-burgarmenyarLeige av toppturutstyr for to personar frå Lom UtleieEin mysteriebag frå CoopVi håpar du tek deg tid til å svare. Dine innspel er viktige for å sikre at Lom også i framtida er ein god stad å bu, arbeide og besøkje.Svar på undersøkinga her Sist endret 25.11.2026 09:47