Gudbrandsdalskonferansen er ein møteplass for heile regionen, der næringsliv, kommunar og andre samfunnsaktørar møtest for å dele erfaringar, byggje nettverk og setje søkjelys på utviklinga i Gudbrandsdalen.
Årets konferanse blir arrangert på Rudi Gard 12. november, og det er no opna for både nominasjonar og påmelding.
Har Lom kandidatar som fortener ein pris?
Under konferansen blir det delt ut tre regionale prisar:
- Berekraftsprisen
- Ung verdiskapar
- Verdiskapingsprisen
Lom kommune oppmodar næringsliv, organisasjonar og andre interesserte til å nominere kandidatar frå Lom.
Vi har mange dyktige menneske, verksemder og initiativ som bidreg til utvikling, arbeidsplassar og verdiskaping i lokalsamfunnet. Kanskje kjenner du nokon som fortener å bli løfta fram?
Frist for å nominere kandidatar er 5. oktober 2026.
Nominer kandidatar her
Årets tema er KRAFT!
Gudbrandsdalen er bygd av kraft – krafta i menneska som bur her, i næringslivet, i fellesskapet og i regionen som heilskap. Men korleis kan vi mobilisere denne krafta for framtida?
I ei tid prega av omstilling, kamp om arbeidskraft og behov for inkludering, vil årets konferanse løfte fram det som gjer Gudbrandsdalen sterk. Gjennom inspirasjon, erfaringar og nye perspektiv blir det sett søkjelys på arbeidskraft, vekstkraft og tiltrekkingskraft – og korleis vi saman kan skape framtidstru i regionen.
Blant innleiarane finn vi:
- Ulf Andersen, statistikksjef i NAV
- Fredrik Fornes, som vil snakke om synlegheit og tiltrekkingskraft
- Catrin Sagen, psykolog, med føredrag om samarbeid, relasjonar og den vanskelege samtalen
Bli med på Gudbrandsdalskonferansen!
Konferansen blir arrangert på Rudi Gard 12. november 2026 og er open for alle som er interesserte i utviklinga av Gudbrandsdalen.
Enten du representerer næringslivet, kommunen, frivillig sektor eller andre verksemder, er du velkomen til ein dag med fagleg påfyll, inspirasjon og gode møte.
Les meir og kjøp billett til Gudbrandsdalskonferansen 2026
Vel møtt på Rudi Gard 12. november!