Det er ei aktiv tid for både næringsliv, kommune og samarbeidspartnarar, og vi gler oss over engasjementet som viser seg i store og små initiativ. Tysdag 5. mai inviterer vi til nytt frukostmøte på Nordal Turistsenter – ein fin arena for fagleg påfyll, mingling og aktuelle oppdateringar. Samstundes er vi stolte av å lansere lærlingkollektivet, eit nytt pilotprosjekt som skal gjere det enklare for unge vaksne i utdanning eller arbeid å bu i Lom.
I nyheitsbrevet kan du òg lese om at Team Pølsa har vore på besøk, at NHO kjem til Lom 23. april, og at Visit Jotunheimen har gjennomført ein inspirerande studietur for medlemsbedriftene. Vidare finn du informasjon om prosjektet Fossilfri tungtransport i Innlandet, kurs om lokal mat og offentlege innkjøp, og ei oppdatert oversikt over ledge bustader, tomter og næringslokale i kommunen.
Til slutt får du ei samla oversikt over arrangement og fristar framover – frå kurs og konferansar til kulturarrangement og store lokale hendingar. Vi håpar mange vil bruke desse moglegheitene til å lære, delta og bidra til vidare utvikling i Lom.
Nytt frå næringslivet i Lom – februar/mars 2026