Det vart ei fin og høgtidleg stund då det nye bygget ved Lom helseheim vart offisielt opna. Konstituert kommunedirektør Synne Skogsrud ynskte velkomen, og det var gledeleg å sjå at så mange tok turen for å vere med på markeringa.
Ordførar Kristian Frisvold peika i si helsing på kor viktig tryggleik og gode helsetenester er for innbyggjarane i Lom. Med dette bygget tek kommunen eit viktig steg vidare i utviklinga av omsorgstilbodet. Han viste til innsatstrappa i omsorgstenestene.
Trappemodellen syner kommunen sitt tilbod gradert etter kor mykje dei ulike tenestene påverkar liva til mottakarane. Dei lågaste trinna er førebyggjande tiltak, medan dei øvste trinna er institusjonsbasert omsorg. Målet er å dreie ressursane mot eigenmeistring og førebygging, og slik redusere behovet for meir inngripande og kostnadskrevjande tiltak.
Neste steg i denne utviklinga er etablering av heildøgns omsorgsbustader på Lientomta. Når desse står ferdige, vil heile trappa i omsorgstilbodet vere på plass.
Det nye bygget har stor verdi – både for bebuarane og for dei som har arbeidsplassen sin ved helseheimen. Prosjektet har vore prega av godt samarbeid mellom arkitektar, entreprenørar og prosjektleiing, og det ligg eit omfattande arbeid bak det ferdige resultatet.
Samtidig har byggeperioden vore krevjande. Tilsette, bebuarar og pasientar har vist tolmod gjennom ein kvardag med støy og aktivitet tett på drifta.
Under opninga orienterte Elin Jeanette Ulen om dei nye lokala. Ho fortalde òg at kjøkenet hadde bidrege med kaker til markeringa, noko som vart sett stor pris på. Lokalet der opninga fann stad, skal nyttast som dagsenter for heimebuande personar med demens. Tilbodet får eigen inngang og eige uteområde, noko som legg til rette for ei trygg og tilpassa ramme.
Det nye bygget rommar 20 institusjonsplassar. I tillegg er det etablert ein funksjonell kjellar med parkering for tenestebilar.
Sjølv om mykje no er ferdigstilt, står det framleis arbeid att i den eldre institusjonsdelen. Dette arbeidet vil halde fram i tida som kjem.
Med det nye bygget står Lom kommune betre rusta for framtida. Vi håpar og trur at dei nye lokala vil bli til glede – og fungere godt – for både bebuarar og tilsette i mange år framover.
Til slutt rettar kommunen ein stor og varm takk til entreprenørar, arkitektar, prosjektleiarar, tilsette, bebuarar og pasientar for innsatsen og tolmodet gjennom heile prosjektperioden.