Oppvekststruktur

Lom kommune ser på korleis oppveksttilbodet kan organiserast på ein god og berekraftig måte framover. Bakgrunnen er både dei økonomiske rammene kommunen har i dag, og ynskjet om å sikre eit godt tilbod for barn og unge også i framtida.

På kort sikt handlar dette om å tilpasse drifta til dei midlane kommunen får frå staten. På lengre sikt er målet å byggje ein oppvekstsektor som er robust og attraktiv, slik at kommunen kan rekruttere og halde på dyktige tilsette, og vidareutvikle den kompetansen som allereie finst.

Ved å sjå på oppvekststrukturen ynskjer kommunen å frigjere meir handlingsrom. Det betyr at ein større del av ressursane kan gå til innhald og kvalitet i barnehage og skule, i staden for drift og vedlikehald av bygg.

I arbeidet med oppvekststrukturen har KS Konsulent utarbeidd to rapportar. Den fyrste (rapport 1) vart brukt da saka var oppe til handsaming i kommunestyret 18. mars 2025. Den andre (rapport 2) ligg til grunn for ny politisk handsaming i kommunestyret i mars 2026. Begge rapportane finn du nedst i denne saka. 

Har du innspel? Send dei på e-post til post@lom.kommune.no 

Les rapport 1 (PDF, 5 MB) Les rapport 2 (PDF, 4 MB)