Pårøranderolla angår oss alle

Onsdag 23. september var 30 deltakarar samla i kultursalen i Utgard fleirbrukshus for å følgje den nasjonale Pårørendekonferansen digitalt. Den felles visninga vart arrangert av Lom kommune i samarbeid med USHT Innlandet.

Årets konferanse hadde temaet «Når ansvar møter motstand – pårørande og fagfolk i eit pressa velferdssystem». Gjennom personlege erfaringar, forsking og faglege innlegg vart det sett søkjelys på ei rolle som kan angå oss alle – i ulike fasar av livet.

Blant deltakarane i Utgard var både pårørande, kommunalt tilsette og andre interesserte.

Ei rolle som femner breitt

Konferansen synleggjorde kor mange ulike situasjonar ein kan stå i som pårørande. Det kan handle om å vere forelder til eit barn med særskilde behov, partnar til nokon med psykiske helseutfordringar eller søsken til ein person med rusproblem.

Gjennom dagen vart det sett søkjelys på kor ulikt pårøranderolla kan opplevast, og kor viktig det er med forståing, støtte og godt samarbeid mellom pårørande, arbeidsgivarar og hjelpeapparatet.

Konferansen løfta også fram barn som pårørande og kor viktig det er at ulike tenester samarbeider for å sjå og ivareta heile barnet.

Ei påminning om å sjå menneska rundt oss

Pårøranderolla kan kome brått eller utvikle seg over tid. Ho kan vere både meiningsfull og krevjande, og mange står i eit ansvar som ikkje alltid er synleg for andre.

Konferansen synleggjorde kor viktig det er med forståing, støtte og godt samarbeid for å ivareta både pårørande og dei som treng hjelp.

Takk til alle som møtte opp, og til alle som bidrog til å leggje til rette for ein fin konferansedag i Utgard!