Passbussen kjem til Lom

Det mobile pass- og ID-kontoret kjem til Lom i mars, og du kan bestille time allereie no.

Passbussen

Mobilt pass- og ID-kontor (passbuss) er ein bil som køyrer mellom ulike stoppestader over heile Noreg. Bilen har utstyr som gjer at du kan søkje om pass og nasjonalt ID-kort.

I Lom vil passbussen stå ved Lom politistasjon, Stupulvegen 3, 2686 Lom

Tidspunkt

18. mars kl. 08:00-15:30

19. mars kl. 08:00-15:30

Kva må du ha med?

  • Det førre passet ditt
    • Alle som søkjer om nytt pass eller nasjonalt ID-kort, må ha med det førre passet og/eller ID-kortet, sjølv om det er utgått. Når du søkjer om nytt pass, skal det gamle makulerast.
  • Eit batalingsmiddel. 
    • Det er ikkje mogleg å betale med Vipps eller faktura. 

Les heile hugselista inne på Politiet sin sider

Bestille time

Ein må bestille time hjå passbussen på førehand. Det gjer du gjennom denne lenka Timebestilling